Storie
Gravfelt

Eikjehaugen

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Id 44900 registrert av Espedal i 1978 har samme lokalisering: Lengst i NV: 1. Rundrøys. Nokså klart markert, mindre godt synlig. Delvis graskledd krattav ask og raun. Ein heil del stein syner. På fyllt rydningsstein og jordmasse i N og NA kant. Utgravt i midten og skada av bygdevegen i NV kant. D: ca. 7m, H: ca. 0,5m. Ca. 9m SA for 1: 2. Rundrøys. Klart markert, mindre godt synleg. Graskledd langs kanten, ein runne med raun og hatt i midten. Mykje stein syner, særleg i midten der det er krater fyllt med ris. D: ca. 9m, H: ca. 1m. 1987: Røys 1 ligg i kanten av dyrka mark, like ovanfor ei berghylle som stuper bratt ned i sjøen. Ho er bygd av 0,2-0,5 m store steinar/blokker. Omlag i sentrum er eit 1,5-1 m vidt (orientert N-S) og ca. 1 m djupt søkk. Like i søre kanten av søkket ligg to store heller (den største er 1 m l. orientert N-S, og 0,5 brei, orientert A-V). Røysa er utkasta mot S. ein del stein på toppen av røysa er dekt av mose. Ellers er ho overgrodd av gras langs kantane, men unntak av sørekanten der ho er utkasta. I ett inntil røysa i A, S og V veks hassel-, rogn- og einerbuskar. Oppå røysa i NNV står ei rogn og eit hasseltre. Røysa måler ca. 10 m (prientert N-S) x 7 m (A-V) og er opp til 1 m høg.Røys 2 ligg 1,5 - 2 m V for røys 1 like nedanfor ein knaus. Ho er lagt opp av 0,3 - 0,7 m store steinar/blokker, dei fleste mosegrodde. Røysa verkar avlang på forma. I nordre hjørnet står ei kring 1 m lang helle på kant. Oppå røysa veks hassel- og rognebuskar, samt ein opal. Ved det sørvestre hjørnet står ei eik. Røysa måler 3 m (orientert NNV-ASA) x 2 m (orientert SSV-NNA) og er knapt 0,5 m høg. Røys 3 ligg 6 m NNV for røys 2, like i kanten (ca. 1 m inn for) av riksvegen (der han svinger kraftig), tett ved grinda i nettinggjerdet. Ho er mykje overgrodd av mose og gras, men størsteparten av steinen ligg i dagen i nordvestre og nordaustre delen. Like V for sentrum er eit grunt søkk. Oppi søkket står rogn- og hasselbuskar. Det samt opalar tett inntil kantane av røysa. Av den grunn kan ho vera vanskeleg å få auga på. Røysa måler ca. 7 m (orientert A-V) 8 m (orientert N-S). V for grinda i nettinggjerdet står ei stor eik. Ho er kring 1 m høg. Røysa er noko utkasta mot A.Røys nr. 3 vart utgraven av AmS 1992.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
3 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.