Dalland - Fetts fk. 1/1 + nyreg.
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa Fetts fk. 1/1 ligg 14 m OSO frå søraustre hjørnet på sommarhuset og 3 m S for ein steingard. Røys 2 ligg 15 m O for 1, tett ved stolpe. Røys 3 ligg 11 m SSO frå røys 2. Røys 4 ligg 10 m OSO frå røys 3. Røysa fk. 1/1 måler 17 m i diameter og er 1,5 m høg. Frå sentrum av røysa og ut til kanten i N går ei sjakt som er varierande 2-3 m brei. Sjakta skal stamme frå utgraving av Shetelig i 1913. Utgravinga påviste kollag, keramikkskår og jernslagg. På vestre sida av røysa er røyssteinen fjerna og her ligg ein parkeringsplass inn i røysa, 5 x 4 m vid, orientert N-S. Parkeringsplassen er anlagt på slutten av 1960-talet. Røysa er overgrodd av gras og lauvkratt. To eiketre veks på røysa. Røys 2 måler 5,5 m i diameter og er omlag 0,5 m høg. Det veks tett lauvkratt på røysa, men stein kan kjennast under vegetasjonen. Enkelte steinar stikk opp i dagen. Ho er dårleg markert og vanskeleg å avgrensa. Røys 3 måler omlag 6 m i diameter og er omlag 0,5 m høg. Ho er overgrodd av lauvkratt og er dårleg markert. Stein kan kjennast under vegetasjonen. Røys 4 måler 7 x 5 m, orientert O-V, og er 1 m høg. Røysa er mosegrodd og det er noko lauvkratt på ho. Dei fleste steinane/blokkene stikk opp i dagen. Desse er jamnt over 0,4 m store. Røysa er godt markert. Røysene 2-4 kan vere rydningsrøyser.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 1 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Tysnes
Tysnes gamle kyrkjestad
Kirkested· Tysnes
Uggdal kyrkjestad
Gravfelt· Tysnes
Uggdal - Fetts fk. 2, Uggdalsvollane
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.