Bombespiss, Voss tinghus
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Tyskarane visste at Voss var eit sentralt område for mobiliseringa av militære styrkar. Difor vart tettstaden Vangen bomba. Bombinga varte i tre dagar, frå 23. –25. april 1940. 83 hus vert øydelagt. Dette var ein type bombing som ikkje primært var retta mot militære mål, men hadde til føremål å setja skrekk i folk og å øydeleggja infrastrukturen. Gjennom bombinga vart mesteparten av husa på Vangen lagt i ruinar, og likeins fleire hus i omgjevnadene. Det var heldigvis minimalt med tap av menneskeliv, då folk hadde rømt bustadene på førehand. Det vart nytta både spreng- og brannbomber, som gjorde maksimalt med skade då dei aller fleste av husa var laga av tre. Brannvesenet kunne gjera lite for å minska skadane, mellom anna fordi dei mista vasstrykket i leidningane frå Vangsvatnet. Den siste dagen var flyåtaka retta meir mot dei norske militære styrkane som var drivne på retrett oppover Vossestrand og Raundalen. Til saman ti nordmenn døde i løpet av desse tre dagane. Utanfor Voss tinghus ligg i dag ein original bombespiss som minnesmerke etter åtaka i 1940.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Plan- og bygningsloven
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Voss
Voss kyrkjestad
Krigsminne· Voss
Veteranbautaen
Bergkunst· Voss
Haugo - Fetts fk. 3, Blotasteinen
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.