Storie
Gravfelt

Bjelland - Fetts fk. 14

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet måler 75 x 25 m, orientert O-V. Den austlegaste av haugane (Fetts fk. 14/1) ligg tett O for sjoarvegen. Haugen er 10-12 m i tverrmål, 0,5 - 1 m høg, og er bygd av stein og jord. Han er idag sterkt tilvaksen med gras og lauvkratt. 22 m VNV for denne haugen ligg ein annan haug (Fetts fk. 14/2). Haugen skal ha vore 10 m i tverrmål, men idag vantar den nordlege delen heilt. Han er omlag 0,5 m høg, og er bygd av stein og jord. Idag er haugen heilt grasvaksen og det veks ein misteltein på han. Kant i kant N for denne haugen ligg ein annan haug (Fetts fk. 14/3). Haugen er 10 m i tverrmål og 0,5 m høg. Han er grasvaksen med nokre mistelteinar på. Enkelte stader stikk berget i dagen. Den austre delen av haugen er utflata. I følgje Fett skal ein fjerde haug liggja 2 m V for fk. 14/2 og 14/3. Denne synest idag berre som ei svak forhøging på markflata. Han skal ha vore 9 m i tverrmål og 0,5 m høg. Tett S for denne forhøginga (Fetts fk. 14/4) ligg ein langhaug (Fetts fk. 14/5). Langhaugen er orientert NV-SO og måler 18 x 8 m, er 0,75 - 1,0 m høg, og bygd av jord og stein. Haugen viser godt i lendet i motsetnad til dei andre på vestsida av sjoarvegen, då desse verkar noko overkøyrde.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
7 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.