Bekkjarvik kyrkjestad
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Kyrkje med inventar, gravplass, omkringliggande steingard, og kyrkjeveg. Bekkjarvik kapell ligg ved Leirvika, noko sør for Bekkjarvik. I kgl. res. av 14.12.1895 heiter det "At det naadigst tillades at der til Brug for Befolkningen i den nordenfor Selbøfjorden liggende del av Fitje Pr.gjæld opføres et Kapel i Leirvik efter vedl., af Arkitekt Eckhoff udarb. Tegninger (..)". I ein kommentar til resolusjonen heiter det at "Efter planen vil kapellet blive en langkirke af tømmer, og komme til at bestaa af skib, kor, sakristi i to afdelinger og indgangshal med opgang til taarnet og til et tvergalleri i skibets nedre ende. Kapellet vil komme til at afgive 196 sitteplasser". Kapellet vart bygt i perioden 1895 - 98 av J. Sandnes. Dei opphavelege delane har snekkardetaljar i sveitserstil. I 1975 vart kyrkja monaleg utvida. Arkitekt var Ole Halvorsen, Bergen. På kvar side av tårnfoten vart det reist tilbygg med garderobe og venterom. Kyrkja vart også utvida med eit tilbygg på sørsida av koret. Tilbygget og skipet har ialt 180 sitjeplassar. Tilbygget omfattar sakristi, møterom/dåpsventerom, kjøkken og andre naudsynte birom som er lagde langs austenden av kyrkja. (https://norgeskirker.no/wiki/Bekkjarvik_kapell) Kulturmiljøplan 2016 - 2028 Vernestatus: Kommunalt listeført. Ikkje listeført i «kirkelisten» v/Riksantikvaren Vernekategori: A Kulturminne med særs høg verdi og omssynssone H570 Kulturminneverdiar: Høg lokal og regional verneverdi. Kulturmiljøet sine verdiar er knytte til historiske kunnskapsverdiar, opplevingsverdiar og bruksverdiar. Må prioriterast høgt i vidare kulturminnearbeid i kommunen. Sjå eigen handlingsplan for kulturminne i Austevoll. Eigarform: Den norske kyrkje/Austevoll sokneråd Potensiale: Eit verdfullt kulturmiljø med stort lokalt og regionalt potensiale. Tiltak i planperioden: Dialog med eigarar Kulturminneinformasjon – skilting eller app Kartlegging og dokumentasjonsarbeid Utarbeida eigen kulturmiljø-/verneplan kyrkjer, kapell og gravplassar mm
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Ikke fredet
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Austevoll
Møkster kyrkjestad / Møkster kyrkje 3
Gravfelt· Fitjar
Skumsnes - Fetts fk. 1/1-2, Rukjen
Bergkunst· Fitjar
Skumsnes - Fetts fk. 4, Ekrahaugen
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.