Storie
Gravfelt

Bakka - Fetts fk. 1/1-2, Steinnesvika

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga som inneheld to røyser, måler 20 x 5-13 m, orientert NO-SV. Røysa fk. 1/1 ligg lengst NO. Ho er 12 - 13 m i tverrmål, kring 1,5 m høg og bygd av 0,1 - 0,7 m store steinar/blokker. Det veks ein del lyng og eine på røysa, særleg i vestlege del. Røysa er noko utkasta i N. Like O for sentrum av røysa er det bygd ein 1,4 m høg varde. Røysa har ei heller uklår avgrensing, men ho er godt synleg i lendet. Røysa fk. 1/2 ligg 2 m SV for fk. 1/1. Ho kan vera 4 - 5 m i tverrmål og 0,25 m høg. Røysa er heilt overgrodd med lyng slik at markeringa er svært uklår. I nordaustre kant stikk nokre steinar i dagen og ein kan elles kjenna steinar under lyngen. NB: I ei lita vik kring 50 m SV for fk. 1/2 er det ei tuft med ytre mål 13 x 8 m, orientert O-V. Murane, som vert utgjort av 0,5 - 1 m store blokker i 1-2 skift, er omlag 1 m breie og 0,5 - 1,5 m høge. Austre kortvegg endar heilt nede i fjøra. Kanskje er her også ei anna tuft av same storleik tett mot N, som har eine langveggen felles med den tydelege tufta.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.