Storie
Gravfelt

Austrheim barnehage

Fra Riksantikvarens beskrivelse

To strukturar vart påvist omlag midt på leikeplassen og inntil den nordlige avgrensinga. S1 S1 ligg fem meter frå flata si vestre avgrensing, 1,5 meter frå den sørlige avgrensinga og 6 meter frå den nordlige avgrensinga på den midtre flata. Det vil seie om lag midt i planområdet. Strukturen framstår som to groper/nedgravingar avskilt av ei oval/avrunda steinblokk i midten. Blokka er ca 80 cm lang, 40 cm på det breiaste og rundt 20 cm på det smalaste. Grop 1 på nordsida av blokka måler 80x70 cm. Gropa består av mørkbrun leirehaldig masse iblanda ein del trekol og stein. Steinane er ikkje brende. Nokre bitar mjølkekvarts førekjem mellom ei samling med større steinar i grop 1 si nordlige ende. Grop 2 ligg på sørvestsida av steinblokka og måler 70x60 cm. Grop 2 er rundare i forma enn grop 1 og inneheld meir stein enn grop 1. Storparten av steinane er mindre enn i grop 1 og ligg som eit tettpakka belte langs grop 2 sin sørlige kant. Farge, konsistens og trekolinnhald på massane er som i grop 1. S1 sin funksjon er ukjendt, men grunna nærleiken til gravfeltet i N er det nærliggjande å tolke strukturen som eit form for gravminne. I det nordaustlige hjørne på den midtre flata, ca fire meter NNA for S1 vart ein steinsirkel påvist. Steinsirkelen er uklart definert, men framstår som ei samling med større steinar i ein halvsirkel. Steinane vert uskilt som eit kulturminne i den elles svært så steinhaldige undergrunnen då dei er større en storparten av steinane i feltet. Steinane måler i frå 20x20 cm i dm til 35x60 cm i dm. S2 kan representere beltet av kantstein etter ei vekkpløgd gravrøys.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.