Årsand - Fetts fk. 1, Geithidleren
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Målingane førekjem dels på dei ujamne veggene i skaret og dels på veggene inni helleren og då i særleg grad omkring holet inst i helleren. Flatene der målingane står er dekka av eit kalklag, noko som gjer at figurane vert svært tydelege. Figurane er måla i fargane gul, gulbrun, raud, raudbrun og svart. Målinga er fleire stader avsliten, særleg på dei flatene som ligg lengst ute, slik at fleire av figurane her er ufullstendige. Til saman er det kring 65 figurar. Av desse er det 4, mogeleg 6, menneskefigurar, 17 ringfigurar, 3 ovalar, 4 firkantar der den eine har ein kross inni, 4 krossar med like lange armar, 2 åttetalsforma figurar, 2 trekantar og dessuten ei rekkje figurar der forma ikkje kan attkjennast. Ein del små og runde fargeklattar kan om mogeleg svara til skålgropene ein finn mellom dei hogne helleristningane.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.